Ei rå og ærleg historie om draumen om å bestige dei høgaste fjella på kvart kontinent.

JAKTA PÅ

SEVEN SUMMITS

Førsteopplaget er snart utseld – bestill no og sikre deg boka!

Meir enn berre fjell

Dette er ikkje berre ein ekspedisjon – det er ei gripande forteljing om vennskap, grenselaus støtte og augneblink som tek pusten frå deg, både fysisk og kjenslemessig.

Frå draum til verkelegheit

Følg ei utruleg reise mot verdas høgaste fjell

Ei historie om målretta innsats, viljestyrke og det å aldri gje opp, uansett kor umogleg målet verkar.

For deg som elskar sanne historier

For deg som vil bli inspirert, utfordra og minna på kva menneske faktisk er i stand til når dei verkeleg vil – dette er ei bok du ikkje gløymer.

Hei, mitt navn er Cato

La meg fortelje deg meir om boka.

Jakta på Seven Summits er ikkje berre ei bok om fjell. Det er historia om draumen, kampane – og vala som kan definere eit heilt liv.

Eg hadde stått på toppen av dei seks andre fjella. Eg mangla berre Mount Everest – krona på verket, den siste av dei legendariske Seven Summits.

Så stod eg der, på 8529 meter. Berre 319 meter frå toppen. Berre eitt steg unna å fullføre draumen eg hadde kjempa for i mange år. Rundt meg var fjellet øde og stille. Alle dei andre hadde snudd for fleire timar sidan. Det var berre eg og sherpaen igjen der oppe – to små prikkar i verdas råaste natur.

Luften var tynn. Kroppen skreik. Eg visste at det kunne vere fatalt å halde fram.

Framfor meg låg evig ære.

Bak meg venta livet.

Eg måtte velje.

Og eg valde å snu.

Denne boka handlar om heile reisa – frå dei brutale treningsøktene og mentale strategiane som gjorde det mogleg å kome så langt, til dei mest sårbare augeblikka: samtalane med døtrene mine som frykta at eg aldri skulle kome heim.

Jakta på Seven Summits er ei bok om å jage draumar, om å stå i det umogleg tøffe – og om å forstå at den verkelege styrken ligg i å kome trygt heim att.

LeveringKvar vil du ha den levert
BetalingSikre deg boka før den blir utsolgt
Levering

Når får eg boka mi?

Boka er under produksjon og blir sendt ut så snart ho kjem frå trykkeriet. Du får ei oppdatering på e-post med sporingsinformasjon når boka er på veg.

Får eg kvittering?

Ja. Så snart bestillinga di er registrert, får du kvittering automatisk på e-post.

Kan eg kjøpe boka som gåve?

Ja! Du kan bestille til ei anna adresse, og legge inn namnet til den som skal få boka. Perfekt som ei inspirerande gåve.

Kjem det signerte eksemplar?

Ja, eit avgrensa antal bøker blir signert. Førstemann til mølla!

Kva om eg angrar?

Du har 14 dagars angrerett frå du får boka. Då betaler du berre returporto, så refunderer vi kjøpssummen.

Kjem boka i fleire format (ebok/lydbok)?

Papirversjonen kjem først. Andre format kan kome seinare – vi oppdaterer nettsida så snart det blir aktuelt.

© 2025 Cirka AS | Org.nr 926 39 8369 | Personvern & vilkår